Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/52

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

bura. Dei tok på floget bort til ei gamal fure og stansa ikkje før dei var komne radt opp i toppen på ho. Stølshusa var då korkje like han Per eller Nils. Dei stod der med mørke gluggar som dei bar på noko vondt. Men kva det var, var verre å vita. Dei kom i hug huldrekallar og alskens styggedom som skulle flytta inn i stølshusa når folk og buskap flytte heim om haustane. Eller det skulle vel ikkje vera han sjølv — bjørnen — som hadde lagt seg i hi i eit av husa, og vakna då han høyrde dei ropa? Det gjekk kaldt i dei berre dei hugsa korleis dei hadde stått der og skråla i tankeløyse, og dei hadde ikkje berre godt av det gapet dei hadde fari med om grannane heller, — det var snodig så snart det alltid kom ille etter såvori — men då var det lita trygd her i fura òg, og no måtte dei for alt ikkje sleppa kvelden på seg liksom den gongen nedpå fjorden i haust og oppi fjellet i sumar. Dei hadde ikkje høyrt det lata meir etter dei kom her; så manna dei seg opp alt dei vann og steig ljodlaust ned og tok på spranget, og var snart komne godt og vel utfor brota, så dei ikkje lenger såg attende til stølen.

Men då stansa han Gunnar att og fekk dei andre òg til å hefta. Dei var nok berga sjølve no, men smalen, smalen… kva ville dei seia heime, når dei ikkje kom med den? «Fortel vi om det vi har høyrt, så seier dei kan henda det er berre fugleskrik eller inkjevetta og vert sinna… dei er såleis,» sa han.