Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/51

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

sette han Gunnar i og lo. «Ser de det ikkje?» sa han. Nei, dei såg ikkje noko sers, og så laut han fortelja kva det var. Det var det at stølshuset hans Håvard bortpå vollen var så likt han Håvard sjølv som ein skulle sjå han. Døra var nasen, og to gluggar augo. Jau, då såg dei det straks alle.

«Ja, men sjå på huset hans Nils!» ropa han Pål, og då vart dei vis med at det hadde eit andlet som var han Nils opp i dagen. Og sidan såg dei at det var så med alle husa, dei var alle like eigarmennene sine. Det var mennene på grannegarden som hadde stølshus her, og dei stod der som dei var møtte til tings alle.

«Det er då heller ikkje å undrast på, for alt fe er sin herre likt,» sa han Gunnar og gjorde seg vaksen. Dei lo og ropa til grannane og spurde om dei var øybuar og hadde brisling til sals, og kalla dei stilkepavar alle i hop.

Så skulle dei gå opp på kvar side og samla smalen i hop midt på vollen. Gunnar gjekk åleine opp på vestsida. Men han var ikkje komen langt før han brå-stansa og lydde og stirde, og så kom han på spranget attende, — han hadde høyrt eit underleg stygt læte ovatil stølen. Dei tagna og lydde alle, og høyrde det straks. Det kom liksom frå eit av husa, eller radt nedatil jorda under husa, og var grovt og harkande og rolsleg, så dei aldri hadde høyrt slik låt. Dei stokk så dei rømde eit heilt stykke utetter vegen, stogga så og lydde att. Då lét det to gonger til og var endå fælare no, tykte dei; det var mest som det knurra eller