Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/50

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

ei mosefille av steinen, og så var tordivelen komen krypande fram.

Dei la seg på kne kring steinen og såg vel på han. Han var stor og tjukk, men orka berre så vidt å kreka på føtene, og flyga kunne han slett ikkje. Han grov seg berre i koll på steinen og vart så liggjande der og peika med føtene til alle verdsens hyrne.

«Han må ha hatt huset sitt under mosen her, og fått stivfrost i føtene då han kom ut i berrkulden,» sa han Gunnar.

«Men korleis skal det så gå med han, når det vert snø og vinter og han er huslaus?» spurde han Kolbein som var skuld i dette.

Ja, det kunne han spørja.

«Vi får byggja nytt hus til han, arme kreket,» sa han Pål, og det tykte dei alle; det var for ille at han skulle vera huslaus her i ville fjellet og frysa i hel, om han så var berre eit lite troll. Dei mura opp eit lite steinhus attunder den store steinen og tetta godt til med mose og torv, og la mjuk mose på golvet til å liggja i. Så tok dei tordivelen og la han varleg inn og sette ei brei helle for døra. Men atti eine hyrnet let dei det vera eit lite opi hol, «så mykje han kan få kika ut og sjå etter vêret og dråtten,» sa han Gunnar. Og det kunne alltid så løye henda at han fekk andre ærend ut òg, liksom andre folk, sa han. — Ja, du veit det.

Men det var snart på tid å koma på heimveg med smalen. Dei rusla innetter mot stølen. Då