Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/49

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

kring husa. Det heldt seg grønt radt til snøen lagdest, og var ofte grønt om det hadde legi snø på det eit bel òg. Dette visste smalen om og tok ofte vegen dit opp om haustane. Dei la då i veg med stavar og slireknivar alle fire og skulle henta han heim til kvelds.

Det hadde vorti så friskt og svalt i lufta etter det klårna opp. Småfossane aust i bakkane var frosne i hop til allslags underlege iskrullar og isblomar, og då dei kom opp på høgdene, var det alt is på alle løkar og småtjørner innetter heia. Sola stod bleik og stor vestover og blenkte med allslags leter i isane; ho skein gulraudt innetter dei haustbrune bakkane, og øvst oppå toppane låg det kvitt med snø. Det var så heilt annleis enn i sumar alt saman, og så underleg stilt at det var mest nifst. Men då dei kom så langt at dei såg stølen, var det som dei hadde tenkt: han låg der som ein grøn holme midt i alt det aude og brune. Og der gjekk sauene kring husa og kosa seg og åt.

Dei gjorde seg god tid då, og gav seg til å prøva isen nedpå småtjørnene. Han var hoste tunn enno, og han Gunnar dumpa straks nedi, så han vart våt opp over knea. Men så hoppa han berre opp bortpå tuvene og la mose i sokkane, så gjorde det ikkje noko.

Då sette han Kolbein i og ropa på dei andre; han hadde sprungi opp i ein bakke og låg og grov attmed ein stein. Dei sprang opp til han. Då var det ein tordivel han hadde funni. Han hadde rivi