Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/48

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

prestedag. Det var som alt snudde seg vel i dag — kven skulle tenkt det då dei fór ned her i dag-morgon! Men så visste dei det òg no, at slik mann som presten skulle ein få leita lenge etter. «Vil dei likna han i hop med lensmannen,» sa han Gunnar, «så fer dei med lygn.» Då trong dei ikkje vera redde prestedagen ein annan gong heller — berre dei las noko meir framføreåt og ikkje leit altfor mykje på slumpelykka. For det var ikkje visst om ho var til å tru på for ofte, om ho hadde vori god i dag.


Det hadde alt legi snø nokre gonger og så komi regn og bløyte og teki han att. Himmelen hadde vori gruggut og grå i dagar og veker og bekkene store, og vatnet legi i hoiar bortetter bøane. Men så var det ein dag langt fram på seinhausten at det lyste opp att, så himmelen var blank som ein reinvaska spegel. Bekkene minka straks ned, og hølane seig bort. Då kunne dei sleppa ut smalen att, og gutane tok og jaga han opp i lyngbakkane austafor bøane.

Fram på dagen skulle dei av og sjå om han; men då var det ikkje ei klauv å sjå eller ei bjølle å høyra nokon stad. Dei skjøna det straks, smalen måtte ha teki vegen opp til nedstestølen. Då buskapen flytte heim derifrå om hausten, grodde det alltid så fint grønt gras på den feite vollen