Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/47

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Rende han seg fast her og der, så leda presten han berre på veg att med eit ord eller to — så var det så godt som han kunne alt.

Presten skrepte svært etterpå og klappa han på hovudet.

«Eg visste du kunne,» sa han.

«Ja, han har alltid vori mellom dei beste for sin alder,» sa skulemeisteren og var liksom så nøgd han òg.

Så tok dei til å spørja han Gunnar. Det gjekk alltid noko hakkut for han òg i fyrste laget, men vart straks betre, så han kunne både sentensar og meir. Ja, om det så var dei to minste, så kunne dei eit grann no. Presten kalla dei sistpå glupe gutar alle fire; «og eg er viss på de alltid vil vera likså dugande og læreviljuge,» sa han.

Det leid langt på ettermiddagen då dei kom ut og var fri. Hadde det vori bleike andlet om morgonen, så var det no lått og glede på alle. Dei vart ståande i ein flokk ei heil stund før dei skildest; dei hadde så mykje dei laut drøsa om no. Men han Pål stod berre og lo for seg sjølv og sa ingen ting. Han kjende seg så ljos innvendes, og det var mest som alle såg etter han. Når det barst i, så var det nok han som hadde gjort det best av alle i dag.

Dei var komne opp i vegane, dei fire gutane. Då kjende dei at dei var svoltne, og hugsa at dei hadde niste med i lommene. Dei sette seg bortmed ein stein og tok opp knyta sine, og då var det vaflar dei hadde fått med i dag, sidan det var