Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

men då var Pål så forfjamsa av mistaket sitt, at han korkje håtta eller høyrde, og kunne ingen ting svara. Så spurde presten:

«Kan du lesa det fyrste bodet?»

Nei — då kunne han ikkje koma på det heller så i snøgg-venda.

Då tagde både presten og skulemeisteren. Pål fekk augo fulle av vatn og venta berre han skulle få eit slag under øyra. Men det kom ikkje noko slag. Presten gjekk berre beint ifrå han og tok til å spørja gjentungane på andre sida.

Brennande heit og skjemd sat Pål etter. Det einaste han freista å trøysta seg med, var at dei no ikkje ville spørja han meir, så han var komen gjennom knipetaket på ein måte. Men før han visste ordet av, stod presten framfor han att; han spurde kor gamal han var, og var ikkje det slag vond.

Jau, det kunne han då svara på. Så spurde presten om eitkvart heimatil, og det visste han òg greie på; det var snart gjort med det som ikkje var lekser. Men då dei såleis var komne på gli òg, lirka presten inn på det som stod i bøkene òg, og då gjekk det så underleg til at Pål kunne svara på det med. Var det ikkje rett nett kvar gong, så sa presten alltid at det peika i minsto bort mot det rette, og så, kom Pål straks på los med det fullrette. Han vart med eitt så modig og underleg klår i hovudet. Han kunne sistpå lesa utaboks heile stykket som han ikkje hadde drøymt om at han kunne før i dag; han skjøna det ikkje sjølv.