Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/39

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

lurt og spurt og ikkje sagt noko enno,» ottast han Gunnar. «Ingen kan tru ein slik mann. Så kan han no berre vilja gå ned til han Aslak og prata og fisla meir med han og sidan koma att.»

Dei vart liggjande enno ei heil stund. Men så heldt dei ikkje ut denne uvissa lenger. Dei grov seg ut og bort til henne bestemor og våga seg til å spørja om ho hadde sett noko til lensmannen.

«Lensmannen? Det var då svært til spurlag de har etter styremakter og stemning no om dagane. Har de gjort noko vondt?» spurde ho og såg så underleg på dei.

Nei då, dei hadde berre sett ein mann med ei skreppe bortmed andre døra.

«Det var ein gamal jektemann som ville kjøpa ved,» sa ho.

Det datt som ein stein av dei, og det var som sola skein ljosare då dei kom ut att.

Men heilt trygge kunne dei ikkje godt vera; for det var slett ikkje sagt enno at han Aslak hadde gløymt bort alt dette med fiskegreiene sine. Det var sundag i morgon, og det ville vera så fælande leitt å ha dette på seg då òg. Då kom han Gunnar på noko; om dei gjekk ned til han Aslak og freista å blidka han med det gode? Dei kunne høyra å få låna eit par fiskekrokar av han Olav til å by i skadebot, og så attåt ta med seg alle koparskillingane dei åtte.

Denne råda lika dei godt alle. Dei var så hepne at dei fekk eit par fiskekrokar, og så lurde Gunnar og Pål seg ned fram på ettermiddagen og stod