Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/38

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

stogga han og harka og kremta; det lyddest ikkje blidt det heller. Så banka han på døra. Faren kom ut og tok imot han, og så gjekk dei inn båe to.

Gutane låg berre og venta på at dei snart skulle koma ut att og ropa og leita etter dei, då dei skulle fram til stemnings. Men det varde og rakk, og det kom ingen. Dei sveitta der dei låg og sleit med otte og uvisse. Lensmannen hadde lagt skreppa etter seg bortmed dørhella. «Skal vi lura oss ned og sjå om der er tordivlar og sleppa dei ut?» kviskra han Gunnar, då det ingen ende ville ta. Men dei andre tykte det var vel vågalt, og så vart det ikkje noko av.

«Men at dei vil ha ei slik skræme i bygda som lensmannen, det skjønar ikkje eg,» kviskra han Pål.

«Dei skulle ta og jaga av alle lensmenner med påken,» sa han Gunnar, «eller få kongen til å setja dei på svarte rådstova. Så kunne dei liggja der og grina med tengene sine og stemna seg sjølve.» Endeleg gjekk døra opp der borte, og framandkaren og far åt Pål og Kolbein kom ut. Dei var tyde og blide båe to, lyddest det, og så baud framandkaren farvel og trampa og gjekk ned vegen att med skreppa si.

Dei skjøna ikkje dette, gutane, — anten dei skulle vera glade eller redde enno lenger.

«Han far har kanskje gjevi han ein dram og fått prata han blid, så han ikkje gjer meir,» sa han Kolbein.

«Ja, men han kan likså vel ha gått der og berre