Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/37

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

kunne det vori berre moro, hadde ikkje dette fæle med lensmannen vori. Men no var det berre vondt alt i hop og uvisst kva det kunne verta nokon gong meir.

Det leid langt om lenge fram mot dugurden, men ingen lensmann var å sjå enno. Då var det ikkje fritt dei fekk betre von att, og Kolbein og Andres gjekk heimetter og ville sjå korleis det var med dugurdsmaten. Men det var ikkje lenge før dei kom springande att. Dei hadde fått auga på ein framandmann nedi vegen. No såg dei han alle, han kom stigande stor og brei og såg seg ikring på ein så underleg måte… det var altfor lite å tvila på kven det var.

Dei tenkte fyrst dei skulle røma opp åt urdene og gøyma seg av inni holene der. Men dei vaksne stod og skar utpå nokre andre åkrar og kunne sjå dei. Dei visste då ikkje anna råd, dei smaug heim til tunet og kleiv opp på ein sauhuslem og gøymde seg i ei hole attom eit lad med lauvkjerv. Dei tetta godt att for inngangen og glytte ut gjennom nokre rivner i bordkledningen; der kunne dei sjå beint ut i tunet der lensmannen skulle koma.

Det var ei heil stund før dei såg meir til han. Men endeleg kom han stigande … dei våga snautt å anda lenger. Han gjekk med ei underleg rund luve og hadde skreppe på ryggen; det var vel der han hadde tengene og det andre. Han hadde stor nase og store støvlar og trødde hardt liksom han var sinna og fus på å stemna.

Bortmed stova hjå foreldra åt Pål og Kolbein