Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/31

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

då; men trygg var det uråd å vera, før dei var komne i land. Men kvar skulle dei koma i land? Attende åt Vika kunne dei ikkje fara, og å koma i land på hi sida av fjorden var det lita hjelp i. Der var berre bratte lier og urder, så dei aldri kunne vita om dei kom fram til folk. Dei visste sistpå ikkje anna råd, dei fekk ro eit langt stykke utetter fjorden og så styra inn mot eit nes som dei såg langt utafor der dei hadde sett trollet.

Vinden heldt på og auka, så det var tungt å ro, og dei var ikkje mykje glupe til å ro heller. Det gleid endå på ein måte så lenge dei hadde vinden imot. Verre vart det då dei skulle krøkja inn mot land og fekk han på sida. Den vesle jollen vogga som dei skulle sitja i eit trau. Dei to minste skreik og trudde dei kvelvde med ein gong. Dei laut snu båten mot vinden att snøggast dei vann.

Sola var nede no, eller kvorven bort for skyene vestover, og det hadde vorti så uhugleg grått i grått på sjø og land. Det var ikkje båtar eller folk å sjå nokon stad. Dei kunne ikkje eingong sjå inn til gardane; det store neset innmed Vika låg attføre, og utafor var det berre skog og utmark. Og sjøane auka og auka; dei hadde snart nok med å halda båten rett mot vinden, og våga seg ikkje av flekken til nokon kant.

Dei hadde vori redde før, men ingen ting mot no. Dei kjende seg som tusen mil frå folk ute på ville havet. Det var som svarte djupet ville suga dei til seg. Dei to minste blåheldt seg i keipane og skreik og ropa på folk, og Pål og Gunnar hadde