Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/30

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

land att med inkje, eller så ro radt utpå opne fjorden og freista der. Dei to minste ville helst i land no. Men Gunnar og Pål lova for det, at fisken skulle opp til slutt, om han så taut og bles og var verre enn hund og bikkje. Dei stemnde utover att og fór alt til å kjenna seg heilt sjøvane.

Det stod ein kald vindgust beint imot dei, og tok til å skvalpa og sjøa, då dei kom ut for nesodden på vestsida av vika og hadde opne fjorden føre seg. Sola stod lågt i vest. Det drog opp grå skybakkar ikring ho, og heldt på og la seg ei grå dimme over heile himmelen. Dei lika ikkje dette nokon av dei; men ingen ville vera ved at han var redd, når dei hadde våga seg så langt, og desse sjøane var berre godverssjøar, let han Gunnar. Så dreiv dei på, utover frå alle nes.

Dei var komne eit heilt stykke utpå og hadde ut fiskegreiene att. Då høyrde dei med eitt ei underleg fossing bortpå sjøen mellom båten og land. Dei såg ein kvit skavl og noko fælt svart, liksom helvta av eit hjul som skaut opp or vatnet. Det rulla rundt nokre gonger og sokk så ned att.

«Kva er det, kva er det?» ropa dei alle på ein gong. Ingen kunne svara på det. Dei hadde høyrt gjeti kval og størje og andre store fiskar, men aldri at dei rulla såleis. Det var likast til å vera eit langt troll som låg i bukter… Dei var bleike av redsle alle fire, og kasta fiskegreiene og tok til å ro og røma på berre livet utover fjorden.

Dei var komne mest midt utpå fjorden, før dei våga å stansa att. Dei såg ikkje meir til trollet