Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/29

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

att som dei skulle vera brende. Såleis heldt dei på dei tjue gongene og kom aldri nærare; dei berre dirra og jorta med kjeften. Så toskne fiskar hadde dei aldri sett før. Og rett store fiskehenkene kunne det ikkje verta heller, om dei fekk nokre av desse. Dei var ikkje mykje tjukkare enn ein sleikjefinger nokon av dei. Pål og Gunnar spytta sistpå etter dei og kalla dei kjerring-iglar alle i hop. Så rodde dei lenger utpå og ville sjå etter den rette storfisken.

Midt utpå breiaste vika la dei seg att og tok til å fiska med ny von. Dei kunne ikkje sjå botnen nokon stad no, så det måtte vera meir enn djupt nok til storfisken. Men det var mørkare i vatnet her, så dei kunne ikkje så godt sjå han.

Dei tykte snart dei kjende napp òg; men kvar gong dei drog inn, var det ingenting eller i høgda ein taredott. Storfisken var nok altfor mykje av same arta som småfisken; han lika betre å snusa enn å bita.

Dei skifte stad gong på gong, og han Gunnar freista jamvel å lokka fisken med litt trollkunst; han las eit par løyndord og sa «derbe sulemimut» og blistra attåt. Men korkje det eine eller det andre hjelpte. — Ingen av dei nemnde fiskehenker lenger; berre ein skikkeleg fisk på kvar ville ha vori noko. Ja, om det så hadde vori berre nokre av iglane… Dei kasta sistpå ut agn på måfå og sat daudstille og venta; men fiskane skjøna ingen verdsens ting enno.

Der var sistpå ikkje anna føre, dei fekk ro i