Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

vori haust, og alt visna bort. Men så var det så gildt med allslag etande om hausten; så dei ville ikkje byta han bort likevel med noka anna tid. — Dei skar seg lange fiskestenger her, og samla makk til agn.

Det laga seg straks med båt òg, då dei kom ned til Vika. Dei fann jektejollen hans Velom nedmed stranda og tok han uløyves; det tok slik tid å gå og be om å få låna båten. Så fekk dei auga på nokre rare fiskegreier som hang og turka burti ein naustvegg tett ved. Det var pilk og grind og langt snøre, heilt anna til greier enn deira eigne.

«Skal vi ta dei òg til låns?» kviskra han Gunnar. Dei visste det var vågalt og fanteleg, men gjorde det lell; dei vart meir og meir modige og morske. — Dei måtte kunna ta mest all den fisken dei ville no, tykte dei, og var ikkje fri dei prata om kvar dei skulle bera fisken etter på heimvegen.

Det var underleg å gli utover vatnet; det var så det rykte i dei. Men det var blikende stilt og båten var god, så det aldri kunne vera farleg. Fjorden var så blånande brei, når dei låg her og såg utover, og det var så blånande djupt og klårt i vatnet langs med strendene. Det voks som ein svær skog av tare og kråkeskjel nedetter berga; der låg krosstroll med fine leter, maneter segla att og fram, og fiskar smatt ut og inn i taren.

Dei fekk ut fiskegreiene, og tok til å meita best dei kunne. Fiskane fekk straks auga på pilken og agna og tok til å snusa bortimot dei; men så fekk dei med eitt ei brå-ri og svinga inn under taren