Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/27

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

bedi foreldra om lov, men det hadde vori tvert nei kvar gong. Det var så speleg å ro åleine utpå fjorden for dei som var så små, det var så langt til sjøs, og allslags anna i vegen. Det hadde såleis aldri vorti noko av. Men no var dei så arge på all denne grininga av dei vaksne, at dei brydde seg ikkje om kva dei sa. Det var snart ikkje råd å snu seg, skulle ein fara etter dei og tru på dei. Og fisk var det nok av i sjøen; han Olav hadde komi att med ei heil hank ein dag han hadde vori nedpå fjorden ei stund.

Han Gunnar lurde seg heim etter eit par fiskekrokar og snøre som dei åtte, og så bar det i veg nedetter. Det leid noko på dagen, men var enno god tid. Båt fekk dei låna nedi Vika.

Men dei våga ikkje å gå køyrevegen nedetter; dei kunne råka folk. Dei fór ned skogen lenger ute og fylgde ein bekk ned eit trongt juv. Dei hadde aldri våga gå der før; dei hadde høyrt at der skulle vera skrømt, og at havmennene reid der om haustnettene. Men i dag var der ikkje det slag fælsleg. Det stod småbjørk og osp med fint gult lauv oppetter berga på kvar side, og hasselbuskar med nøtter i. Dei laut stogga og plukka. Og innunder berget stod bjørnebærris som svartna av bær, meir enn dei vann eta.

Lenger nede var det tett oreskog, så dei laut mest smyga seg fram. Det anga haustleg av lauvet, som alt hadde dotti ned, og her og der stakk det opp gule smørblomar. Men dei var heller små og bleike no. Det var leitt at det alt lenge hadde