Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

dei så nær som eit hår fått ris, då dei vaksne såg at det tok til å puffa og ryka av krutet. Det var takka dei fekk for dei vølte vegen.

Men endå verre hadde det gått i dag. Han Pål hadde laga ein liten slede til trehesten sin, og så tok dei den store katten hennar bestemor og spente føre og ville ha han til hest eit bel. Dei gjekk opp på Storåkeren og tok småstein og køyrde ned til bekken. Der låg så mykje stein og rak, så det kunne nok trengast at ein reinska opp. Og dei køyrde slett ikkje uvisleg. Dei hadde berre små lass og var sjølve med og drog mest likså mykje som hesten, og dei brukte ikkje svepa anna enn litegrann når han kvæste og ville leggja seg ned for lasset. Han hadde legi så lenge og retta seg under omnen no, at det aldri kunne ska om han fekk arna seg såpass. Men jamen lyddest det så at det var noko gali med han både her og der, då bestemor og dei andre kvinnfolka fekk sjå det. Dei kunne ikkje ha skriki verre om ein hadde køyrt stein med dei sjølve. Dei reiv køyregreiene i filler og hivde dei på bekken og lova ris med ein gong, når mannfolka kom heim.

Dei hadde ikkje visst betre råd, gutane, dei rømde frå heile ståket og stod no her innafor haugen. Det var best å halda seg or vegen eit bel til det kunne gå i gløyme.

Dei tenkte fyrst dei skulle gå opp i urdene og sjå etter bringebær; men så kom han Gunnar på noko betre. Dei skulle ned på fjorden og fiska. Dei hadde lenge tenkt på det og nokre gonger