Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Det var ein dag fram på hausten. Dei hadde rømt innfor ein haug aust på bøane, dei fire gutane, og dei var ikkje blide der dei stod. Det var dei vaksne dei var vonde på; for så urimelege og vrange folk som dei vaksne fanst ikkje. Før hadde dei berre vori ramme til å leggja allslag arbeid på dei; dei skulle både bera ved og raka høy og henta opp aks mellom stauren utpå åkrane. Men no på det siste hadde dei fått det med å grina og skjella for allting òg.

Var ein hesteskosaum eller ein tolekniv bortkomen, så var det støtt «ungane» som hadde gjort det, om dei aldri hadde peika på tolekniv eingong, og var ei øks skardut i egga, så hadde ungane hatt neveklå der med og hoggi i stein.

Og skulle dei ta seg eit gagnsverk føre på eiga hand, så var det endå verre. Ein dag dei hadde funni seg orv og ljå og ville hausta inn det fine graset bortpå eit stabburstak, kom far åt Gunnar og Andres over dei som eit uvêr og lova dei av påken, var så dei ikkje krak seg ned att straks. Han hadde såld før han, om dei ikkje trødde taka hans òg til såld, sa han, tosken. Sidan ville dei vøla køyrevegen utetter bøane ein dag. Der låg ein stygg stein midt i vegen ein stad som sledane alltid laut skrangla over; men dei vaksne hadde ikkje såpass tiltak at dei kunne få han bort. Så tok Gunnar og Pål seg føre og fann minebor og krut og ville sprengja han sund. Og så hadde