Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/32

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


ingen ting å trøysta korkje dei eller seg sjølve med. Det var ikkje lenge før dei ropa og gret alle, og dei kom i hug kor godt dei no kunne hatt det, hadde dei lydd dei vaksne og ikkje våga seg på fjorden åleine.

Då høyrde dei det fossa, og såg det svarte hjulet att, — — det var komi heilt på den andre sida av båten no og var mykje nærare enn fyrste gongen.

«Det er sjøormen!» skreik han Kolbein over seg, og ingen kunne seia at det ikkje var. Dei hadde etter kvart fått sine eigne tankar om trollet alle fire, men ikkje våga å seia noko før. Dei treiv til årene og tok til å ro unna inn mot land; — denne nye faren jaga bort all otten for dei fæle tverrsjøane. Dei hadde for lenge sidan mist fiskestengene på sjøen, og no fór pilken òg. Ingen hadde hugsa på å dra han inn, og så drog han ut over æsinga med grind og snøre og heile greia, så ingen ansa på det. Det vogga fælt, men ikkje meir enn at dei klara seg no då dei var nøydde til, og før dei rett visste av det, var dei komne så nær land at dei fekk von om å berga seg.

Då fekk dei auga på noko svart som gleid fram innmed berga; det var ein båt med ein mann i. Dei sette i og ropa. Han svara og kom bort til dei, og så var det han Velom.

«Er det de, fantetravar?» spurde han; han var vond for dei hadde teki jollen hans, og han lova dei varme rygger alle i hop. «Eg såg dykk fara ut om neset og har no loti låna båt og leita etter dykk. De kunne snart komi ut i natta og kvitta