Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/21

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

trøytte og forkomne som dei var. Men dei to hovdingane stod like trutt på vakt og heldt stavane i veret.

— — —

Det vart meir og meir skymt av kveld over fjell og dalar. Det fanst snautt ljosrand lenger der som sola hadde gått ned. Men austover tok det til å raudna i skyene. Det var nok månen. Og litt etter kom han opp, han var stor og raud som ei kule av eld. Han skein bleikt bortetter haugar og kollar; det glima dimt i steinar og bergvegger. Alle dei gamle furene bortetter haugane vart som ein stor her av digre svarte karar med bleikraude hetter. Sume hadde lange sprikjande nevar, andre hadde nasar både framme og bak. Haugane vart til store klumpute hovud, og heilt ned i berget beint oppover dei var det som andlet. Aldri hadde dei sett eller vori oppi noko så underleg. Og stilt var det, så dei høyrde sin eigen ande. Men rett som det var, kom det eit langt klagande skrik vestatil fjella; det var som einkvan skreik for livet; så vart det stilt att. Dei stokk opp fyrste gongene, men tok det sidan rolegare. Det måtte berre vera lomen som skreik uti tjørna. Han hadde så mange slag læte. Og alle dei fæle skapnadene bortetter haugane skræmde dei ikkje stort meir. Det var som ingen ting alt dette no, då det som verre var stod nedpå haugen. Men korleis det var, så kjende dei mindre otte for det òg, di lenger det leid. Det var så trygt i denne gode skora, og