Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/20

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Gunnar. Men det var ikkje sagt at det vann så langt bort åt berget heller. Dei visste at olme stutar og vonde hestar ikkje kunne gå i fjellet, og nashornet var ikkje nett likt til å vera så mykje betre til fots. — Så fekk dei stå såleis til det kom folk og hjelpte dei og jaga udyret bort, om det så var til i morgon.

Dei hadde vori stygt redde at det skulle sjå dei og koma då dei rømde opp åt fjellet, men det stod på same staden enno og hadde ikkje så mykje som snudd seg. — Det hadde alt teki til å skyrna av kveld no, så dei såg det ikkje så godt som før; men trynehornet såg dei, og føtene. Og då dei såg vel etter, var det som det leda på seg og no. Det lyfte hovudet opp og ned, liksom det lydde etter noko.

«Det er kanskje oss det har fått tefta av,» kviskra han Pål.

«Eller kanskje det berre kimsar etter klegger og augnestikkarar som bit det,» sa han Gunnar, og han ynskte berre at dei ville bita det nyttig alle dei klegger som fanst, og alle myhankar og heste-maurar med. «Det skulle berre ha vori biti på ein annan måte òg, av ei børse,» sa han. Han tok méd med staven og ynskte seg kule og krut, så skulle det ha fått sin mette.

Kolbein og Andres borti skora tok snart til å sutra og frysa og kom på gråten att. Pål og Gunnar laut bort og leggja lyng og greiner rundt dei, og trøysta dei best dei kunne. Då slo dei seg til ro att, og straks etter hadde dei sovna i lynget,