Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/22

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

så stod det støtt så velsigna stilt, nashornet. Dei såg det betre no att i måneljoset, og det leda ikkje ein gong på hovudet lenger.

«Det har kanskje sovna?» kviskra han Gunnar. Dei hadde sett hestane stå såleis og halvsova i mørkret, og så kunne andre dyr òg gjera det.

Dei vart så modige at dei sette seg ned med stavane sine, og tok til å prata halvhøgt. Det var i røynda mest moro dette, attåt at det var så fælt og farleg; det var som dei for alvor var komne til dei ville landa. — Og så opp i under som dei skulle verta heime, når dei ein gong kom og fekk sjå korleis dei hadde berga seg! Dei kom i hug han Jens nedi garden, han laup lukt heim or skogen berre for han såg ein rev ein gong. Men no skulle dei få anna å høyra.

Då høyrde dei noko hua att, men ikkje uti tjørna som før; det kom nedatil og let som folkemål. Dei sprang opp og lydde, men våga ikkje å ropa nedover att enno. Då hua det ein gong til, beint nedi haugen der dyret stod. Dei kjende jamvel målet, det var han Olav. Og der såg dei han òg, han stod i måneskinet tett attmed dyret. Men du store, at det ikkje rauk på han eller rømde sin veg! Dei stod og einstirde, men det vart ståande som inkje var, med trynehornet sitt. No såg dei ein mann til der nede, dei gjekk rundt nashornet, og så sprang han Olav — beint opp på ryggen på det og sette i å gaula og ropa så det svara i berg og hamrar. Men enno stod udyret.

Pål og Gunnar laut ropa og svara … dei skjøna