Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Sola hadde lågna ikkje så lite vest over fjella no, og dei måtte tenkja på heimvegen. Men då dei kom ut til ei lita vik, fekk dei auga på noko, så dei laut stansa endå ein gong. Der låg ein liten torvholme som flaut laus på berre vatnet, var det likt til. Dei sprang nedåt og sette føtene imot han og fekk han til å gli ut or vika. Så sprang han Gunnar utpå, og holmen flaut mest like lett. Då våga dei seg utpå alle fire, og han bar enno godt oppe, når dei berre stod på kvar si side. Så fann dei seg lange påkar og tok til å staka seg fram langs med torvene. Holmen skulle vera dampbåten deira og heita Dyrendal, liksom den som gjekk til byen; tjørna var havet, og no ville dei av på langferd til andre land.

«Eg vil vera styrmann som kom utpå fyrst,» sa han Gunnar, og så kalla dei andre han Jakk for det same; for så heitte han som var øvste styrmann på det skipet. Han hadde ein gyllande blank knapp i luva si, han Jakk på store-skipet, og det hadde han Jakk her òg; det var eit rundt hol i toppluva hans som var blank knapp.

Men så kom han Pål til å tenkja på at det kunne vera speleg òg dette — å fara med dampbåt. «Vi kan snart springa i lufta,» sa han.

Dei vart samde om at det laut vera seglskip då, så dei kunne vera trygge for livet. «Men ikkje eit slikt skrap som jekta hans Velom nedmed sjøen,»