Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

og låg og streva og ville ut. Dei ville gjerne hjelpa han, men våga ikkje; dei kunne snart gjera vondt. Dei våga snautt å anda på han.

Med stort strev fekk han endeleg ut hovudet, og så gjekk det lettare å få av seg heile skalet. Så låg han der, nyfødd og naken, og sparka og såg seg ikring med store augo. Han peip og klaga seg enno, og når dei stakk ein finger ned imot han, gapte han vidt opp, liksom han alt ville ha mat. Men dei visste ikkje noko å gje han. Dei fekk gå, så foreldra hans fekk koma att og hjelpa.

«Men kanskje det kan gjera godt å la han få noko vatn fyrst,» sa han Gunnar. Han tok og heldt han varleg ned mot vatnet og stakk nebben nedi; men ungen berre rista på seg, og i det same slepte Gunnar han or handa, så han gleid ned i vatnet og sokk beint ned. Dei ropa til kvarandre og trudde det var ute med han. Men best det var, stakk han hovudet opp att og baska og sumde. Det var gut som ikkje var lenge om å læra, det! Dei lyfte han opp i reiret og la mjuk mose kring han. Så gjekk dei utmed strendene på andre sida av tjørna.

Lomane fauk no langt utover åsane. Den eine vende straks attende, då han såg dei gjekk; men den andre fór ned over fjella langt ute. Han skulle vel ned til fjorden etter fisk.