Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

sa han Gunnar. «Det har tre master og langt spryt, og Ebeneser skal det heita.»

Skipet deira gjekk ikkje så fort nett; men når dei tok godt tak bort i torvene og skuva alt dei vann på ein gong, mona det alltid noko, og så ropa dei «hiven ha!» attåt, liksom han Velom når han bukserte og sleit på det meste. Dei kom bort under eit bratt berg, og så våga dei seg ut på sjølve blåhavet, tvert over ei lita vik. Men fælt var dette; dei augna ikkje botn under seg lenger, og det var ikkje meir enn så dei rakk land med stavane, då dei var midt utpå. Dei minste skreik av otte, men ville ikkje i land likevel.

«Det må vera Australia vi er komne til no,» meinte han Gunnar, og det tykte alle det var likast til. Vika var ein fæl svart fjord inn i landet; berghamaren attmed var eit høgt fjell, og steinane oppetter bakken var hovud av ville dyr og ville folk som låg på lur etter dei. Dei såg kor folka var svarte i andletet. Og nedi vatnet urde det av krokodillar og andre stygge dyr.

«Dei jafsar og bit etter treskohælane og bukseleggene på dei svarte, så fæle er dei, og du må tru dei er lystne etter kvite folk òg,» sa han Gunnar, han visste alltid mest om slikt. Så det var nok best å sjå seg føre i desse landa og vera vel væpna.

Dei kom vel over vika, og så skulde dei på vegen til Amerika, som var heilt bortpå andre sida av tjørna. Dei høge haugane som sola skein raudt på, var eldsprutande fjell, og krunglefurene ned-