Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/121

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

ein grepa kniv,» sa han. — Han høvde godt i slira òg og såg råkande kvass ut.

Det skaut ei stor glede opp i han Pål. Men då han hadde hatt kniven i hand eit bel og sett betre på han, tok gleda heller snart til å sakka. Så fin som Bjedne-kniven var han likevel ikke, om han var aldri så fin. Han hadde ikkje det fine, skinande brune skaftet og ikkje nåme nær det fine laget på odden. Og egga…

Så snart ho Helga kom inn og sette seg ved rokken, lurde han seg bakom henne og prøvde kniven på hårbustene hennar i nakken. Men nei, han tok ikkje likt til hår som Bjedne-kniven. Han laut sistpå halda i nokre hår og skjera hardt til, før han fekk dei av, og då fór ho Helga opp, så han nær hadde fått knivsegga i neven.

«Er du frå deg, unge?» sa ho og gav han ein under øyra. Han slo ikkje att som han elles alltid gjorde. Han tagde og gjekk ut i djupe tankar. Nei, det var ikkje ventande at han var så kvass som Bjedne-kniven. Det var ikkje meir enn ein kniv som var Bjedne-kniv.

Men han var då rett bra denne òg, om han ikkje plent rakk den andre! Det var lygn å seia anna. Ein måtte ikkje vera urimeleg heller. Han freista å trøysta seg best han kunne, og då han dagen etter sat oppå steinen med dei andre gutane att, la han på med skryt og kyt det som kniven vanta i seg sjølv.

Men korleis han kytte, så ville det ikkje hjelpa. Det var så altfor stor skilnad; di lenger det leid,