Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/122

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


di betre såg han det. Bjedne-kniven var så forunderleg fin, når han rett skulle tenkja etter. Det var som han såg han, når han let att augo. Men denne vart som ringare for kvar dag. Slik ein kvardags-påk! Det var radt som han såg styven ut og liktest han Torstein sjølv, tykte han.

Han vart sistpå så lei av han, at han beint fram bytte han bort til han Gunnar mot ein gamal fallekniv og ei halv sirupskake. Han hadde så nær fått ris, då han far sidan fekk høyra det. Men det var det same: han ville ikkje ha ein slik kniv.

Han kjøper ein kniv hjå landhandlaren.


Det leid til sumars, og smalen var jaga til fjells, så dei slapp å gjæta lenger. Då fekk han Pål vera med far sin ut fjorden til landhandlaren ein dag. Der var så mange rare og underlege ting å sjå i vindaugo, og sistpå vart han var ein fin blank kniv som hang der. Slira var av skinande nysylv, skaftet var glimande svart og hadde blanke holkar i endane. Han vart ståande og einstira og kunne ikkje riva seg laus. Du, den som hadde hatt råd til å kjøpa den! Den måtte vel vera både så god og betre enn den som var komen bort. Men han var vel speglande dyr? Han kunne sistpå ikkje halda seg, han gjekk inn og spurde.

«Kostar ei krone,» sa handlaren. «Skal du kjøpa han, kanskje?»

Det gjekk heitt i Pål. Ei krone! Han åtte