Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/120

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

han hadde funni han att. Men så snart han skulle til å verta glad, låg det ein fæl otte under, otten for den vonde sanninga.

Han var så hugtung, at det var berre så vidt han kom seg or senga. Alt var som grått og svart ute og inne i dag, og gråten sat ikkje svært fast no heller.

Han far hadde òg fått vita det no, og han vart ikkje meir enn så måteleg blid. «Ein skulle rett gje dei noko, som ikkje passar betre på det,» sa han. «Ris burde dei ha,» sa han. Men ho mor tykte fælt synd om han og freista å trøysta han best ho kunne i dag òg.

«Vi får høyra med han Torstein, om han ikkje kan smi deg ein ny,» sa ho. Ho hadde alltid såpass skillingar, at ho skulle vita ei råd.

Pål tok etter denne vona med båe hender og kunne ikkje venta ein einaste dag. Han laut av stad til han Torstein på flekken. Det var som han ikkje kunne halda det ut uta ein god kniv no.

Jau, han Torstein nedmed stranda lova vel. «Eg skal gjera det best eg kan,» sa han. Og han smålo, då han Pål lova blanke skillingar på klypa, så snart kniven var ferdig. «Eg tenkjer rett det, at eg får skillingane,» sa han Torstein.

To dagar etter var det komi ei lita pakke til han Pål. Det var den nye kniven. Han hadde fint, kvitt skaft og var så blankslipt og føreseg-gjort, at det var svært.

«Jamen får du kniv no, så du treng ikkje klaga,» sa ho mor, og han far kytte han òg. «Det er visst