Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/113

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


og han var så underleg oppi augo. Så kom han fram med det nye knivstellet. Det skulle Pål ha!

Det var mest for mykje til å tru i fyrste laget. Han hadde så nær gløymt å takka. Han laut ut og skjera i alle vegger og tre av berre glede, og frå den dagen var dette knivstellet det gildaste han åtte i verda. Han sette ein stor knapp i både kvardags- og sundagsbroka, så han kunne bera det til alle tider. Han synte det byrg fram til alle som kom til gards, og det var berre valde folk som nokon gong fekk kniven i hand til lånings. Han hadde jamvel rømt ut og vori uta middag ein dag far hans ville ha kniven og banda ei bytte med han. Han skulle rett klussa med kniven til byttebanding, den karen! Nei takk, sann.

Han sat nettopp varsam som ein dokter oppå steinen og skar til ei fløyte. Då såg dei at ei heil horg av sauene var komne ned or bakkane og tok til renns heimetter. Dei sette i å gaula og gøy som vanleg; men sauene ansa ingen ting denne gongen. Dei trudde dei skulle få eitkvart godt, når dei kom heim.

Pål og Gunnar laut av stad etter dei, og det i ein så fykande fart, at han Pål gløymde å stikka kniven i slira. Han vart liggjande etter på mosen.

Dei jaga sauene langt opp i bakkane og kom sidan til å hefta ei heil stund der. Dei fann fjor-gamle nøtter og flogsa og flaug berrføtte. Dette hadde dei nok ikkje lov til enno; men når ingen såg det så. Dei våga seg radt ned på dei kalde snøfonnene og rømde ikkje meir enn så måteleg