Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/111

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


Korleis han Pål fekk kniven, og korleis han slepper han.


Dei var oppi bakkane og gjætte smalen, Pål frå austre stova og Gunnar frå vestre stova. Det låg snø og klake mange stader nedpå slette bøane enno. Men oppunder fjella var det for lenge sidan snøbert og grønka alt under ufser og steinar. Seljene stod med utsprotne gåsungar og kvitveisen stakk opp or den grøne mosen. Der gjekk sauene og åt på groen og bladknuppane.

Men på ein stein nedunder sat gutane og såg etter. Det var ein stor, svær stein. Han var høg og avlang som eit skip, og tvert gjennom han gjekk det nokre store rivner. Det såg ut som han skulle ha slegi seg i stykke i det same han kom veltande ned frå Storenuten og stansa her. Men mellom rivnene var det godt å sitja, og dei kunne herifrå sjå smalen kring alle bakkane. Kom ein sau ned og ville renna heim, så sette dei berre i å remja og gøy til han snudde att.

Fram på dagen var Kolbein og Andres, småbrørne deira, komne opp, dei òg. Dei hadde funni seljegreiner oppi bakkane og sat no og laga seg fløyter alle fire.

Men då dei hadde fått borken av, laut alltid han Pål gjera resten — skjera ljodhol og få låt i fløyta.