Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/110

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

ein gong. For han hadde hatt høve til å ferdast nokon kvar stad og sett vonom meir, bekafanten, når han fyrst ville opp med det. — Då dei to gutane frå andre stova endeleg måtte koma seg heim langt fram på kvelden, var dei øre og fælne, så dei mest ikkje torde gå over tunet; det var som dei såg hovud og spælar av ratleormar borti alle fjøssvalene og under stabburet.

Om morgonen etterpå var bekafanten seint oppe, og då var han still og tagal att, liksom han gjekk og gruvla på alle slag underlege løyndomar. Men dei var ikkje det slag redde han no, gutane. Dei stod og såg etter han, då han gjekk og stava seg utetter snøbrauta, og slepte han ikkje or augo før han kvarv bort oppi skogbruna. Då var dei visse på eitt, og det var at folk måtte vera fæle til å tala ilt og ljuga på bekafanten. Ein mann som han kunne aldri vera farleg korkje for gjætslegutar eller andre, og dei kunne heller ikkje lenger tru på dette med bjørnen han reid på, eller bekskåla som han smurde seg or.

«Det kunne likså godt vera ein stor pengepung det han bar på innunder trøya,» sa han Andres.

«Ja,» sa han Gunnar òg; «for ein lyt no seia at bekafanten ikkje er nokon vanleg fant; ein må no helst rekna han mellom dei likaste,» sa han, og det tykte dei alle fire. Det var i grunnen ein bra fant, den bekafanten.