Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/109

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


nok spurlag etter han frå sjølve det kongelege slottet. Men han hadde alltid hatt det i seg, han for sin part, sa han, at han ikkje lika å koma altfor mykje ut for folkeaugo og verta kytt av. Og han var heller ikkje såleis kledd nett då, at han tykte det høvde å koma opp mellom folk som var altfor mykje over hans stand, sa han. Han hadde laupi av stad i skitne arbeidsklede og svart på nevane som han var; for det var anna å gjera då enn å tenkja på beste-dressen; han hadde ikkje eingong gjevi seg tid til å hiva på seg den nye fine frakken sin, som han alltid gjekk med når han vanka i store byar. Så heldt han seg berre unna då og smaug seg ut or folkehopen, og dermed så strauk han beint heim att på landet og tok til å arbeida hjå baronen som før. Og slikt som dette gjorde ein då heller ikkje for løna, ein fekk vera glad når ein berre kunne hjelpa folket, sa han og retta seg opp og saug på pipa si.

Dette svara ho ikkje noko på, ho Lisbet; ho berre såg litegrann bort på fillene hans. Men gutane var reint arge der dei sat; for dette var då å gjera seg altfor snill. Han kunne då sakte teki mot nokre tusen dalar av kongen sjølv om ikkje anna, tykte dei.

Vaksne-karane hadde komi inn, alt med bekafanten fortalde slutten av soga si, og dei tykte òg at dette var svært til storverk. Dei gav han både juleøl og dram attpå, og då fekk dei høyra så mykje anna både frå Sverike og frå andre land og rike, at dei visst aldri hadde høyrt så mykje på