Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/108

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

hadde vori ein lyneld, så kunne det ikkje fari med fælare fart enn som ormen no rende ut. Men då fekk han seg med det same eit så dugeleg stikk i snuten av spjutet at det berre bura i han. Han slo nokre bukter og krokar på seg, og dermed så låg han stokkdaud på flekken. Der låg då han…

«Å, du store tid!» sa ho Lisbet. «Ja, då vart det no vel som ei glede på folket òg då?»

«Ja,» sa bekafanten og smilte og var nøgd med seg sjølv attpå; «det var rett så dei krak ut or husa att då, og slik glede hadde det nok ikkje vori kvar dagen. Det var reint som ein stor fest. Så fekk dei ormen opp på ei stor kjerre og dragsa opp til dyrehagen med han, og der kveikte dei opp eit overhendig stort bål og brende han opp; dei ville ikkje sjå så mykje som hamen att av han. Og så mykje folk som der var samla og såg på, skulle du heller ikkje ofte sjå på ein stad. Var det ikkje over tretti tusen, så var det då slett ikkje under. Og endå same dagen gav kongen ut ei ny lov og sette straff på livet for kvar den som fordrista seg til å føra fleire ratleormar inn i Sverike.

«Nei, enn alt det her er!» sa ho Lisbet attpå, då bekafanten heldt opp. «Men koss var det no, du måtte vel få litegrann både takk og løn for dette?» sa ho.

Å, sa bekafanten, det var nok både ein og hin som spurde etter han då, ja, og kunne unnt han litegrann. Tok han ikkje reint i mist, så var det