Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/107

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

og kom sistpå heilt ned til Greivens plass, sa han.

«Du å du, det var då ikkje husmannsgater det!» sa ho Lisbet.

Nei! sa bekafanten, dei fór ikkje med å ha gater som heitte Strandgata og Smørsmauet i Sverike, sa han; for det var stort i Sverike. Men enno så hadde han korkje høyrt eller sett noko til ratleormen, og då var det ikkje fritt anna han fór til å verta forsigna då. Men då han hadde gått eit stykke til og fór og sveiv borti Patronskrokane, då var det med eitt som han kjende ein underleg sting på seg, og han skjøna med ein gong kva det var.

Då var det nok ikkje til å seia at han kjende seg altfor høg, der han gjekk, — det var slett ikkje verdt å fara med skrøyt eller store ord, sa han. Det var best å halda seg til sanninga, såleis som hans vis alltid var. Det var då ikkje annleis enn at han fekk skjelven både i kneledene og hendene; for ein ratleorm var no ein gong ein ratleorm.

«Eg freista nok lesa som eit fadervår au,» sa han, «og eit par bibelord som eg kunne slumpa til å hugsa att av barnelærdomen; men eg vil ikkje seia det var mykje korkje med andakta eller med ettertanken den gongen.» Men så tenkte han med seg at det var ein heil by det galdt om å berga; no laut han vera eit grann modig om han aldri hadde vori det før. Så steig han lenger inn gjennom smaua og heldt spjutet høgt i veret. Og då… best det var… fræste og æste det innunder eit hus, og ut gjennom eit hol i muren stod det som eld og gloande loge frå to fæle augo. Og om det