Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/106

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

enn steinen innafor, dei trudde visst det var ratleormen som var der og ripa med tennene. Men sistpå var det så mykje han høyrde det lét i apotekaren. Han ropa då inn og sa kva han ville, og dei våga så vidt å sleppa han inn gjennom dørglytten. Så fann dei seg ei stor gryte, han og apotekaren, og til å salpa og koka den tidoble gifta; og det gjorde dei så dugleg at det brende i fingergomane berre dei heldt i tvora og rørde. Då det var gjort, fann dei seg ein lang staur og sette ein jarnpigg i enden på han, og den smurde dei inn med gift så tjukt som det ville hanga på. Kunne dei då berre få stikka ratleormen med den, så skulde han vera feig om han hadde tre liv, så sterkt var det.

Ja, så kom han seg ut att då med dette spjutet, sa bekafanten, og til å sjå etter ormen, og underlegare enn det var i byen den dagen skulle du aldri sett. Han kunne gå gate opp og gate ned og såg ikkje kreket til folk ute; dei sat berre oppi alle glasa og stirde og var forstøkte på han som torde vera ute. Og ikkje var det mange politiane å koma ut for heller den dagen, sa han og laut le berre han tenkte på det. Dei kom rett ikkje og nappa folk borti armkrokane og spurde om dei ville vera med og gjera ein sving på rådstova. Nei menn, gjorde dei ei! Dei hadde nok med å sitja og skjelva i rådstove-svalene sjølve i dag, karane. Såleis rusla han då bortetter heile Kongsgata og Dronninggata og Prinsegatene, og derifrå tok han ein sving opp i Hertugsbakken og Baronskrokane