Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/105

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

«Men koss i Guds namn vart det då ei berging?» spurde ho Lisbet.

Ja, sa bekafanten og skaut anden, det kunne ein nok spørja om, ja. Han for sin part var ikkje eingong i byen då nett, han var hjå ein mann utpå bygda og grov og arbeidde for sitt brød som han var van. Men det var ikkje lenge før det spurdest der òg kor ille det stod til inni byen. Då skjøna han straks det, sa han, at her hjelpte det korkje med børse og kanoner eller med sverd og stål. Det måtte hardare lut til her. Skulde dei få livet av dette styggebeistet, så skjøna han det fanst ikkje anna som hjelpte enn den tidobla gifta.

Det var ei gift som dei laga såleis at dei tok av alle dei pulver og alle slag sterke dropar og balsam som fanst på apoteket og koka det i hop til ei einaste sørpe; då vart det så ilt at det var ferdig til å ta livet av folk berre dei anda i seg røyken av det. Men det var ikkje sagt dei hadde så plent greie på dette inni byen. Så tenkte han med seg då, at her var det ikkje tid til å tenkja på sin eigen umaksjuke. Her laut den sjå til å hjelpa som hjelpa kunne, så sant det fanst råd. Så gjekk han opp til husbonden, — det var endå ein baron, sa han — og bad så fint orsaka om han måtte ikkje få skofta så mykje som ein halv dag, han hadde eit ærend inn til byen, sa han. Jau, så fekk han då det, og av stad tok han, alt det reimane heldt. Han våga seg inn i utkanten på byen og lurde seg fram til fyrste apoteket han kunne finna og banka på døra. Fyrst svara dei ikkje meir