Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/104

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

bakføtene. Og då løvene og kamelane og sjiraffane oppi dyrehagen høyrde det, så tok dei til å belja og svara inni bura sine, så du skulle aldri i di tid høyrt noko så fælt. Politimennene var glade dei sistpå fekk lokka blodhundane inn i bura deira att, og då torde dei ikkje lenger vera ute sjølve heller; dei var glade dei kom seg innom dørene i rådstova. Skulle nokon våga seg ut no, så måtte dei køyra i attlatne vogner, og ikkje ein gong det var greitt; for ratleormen kunne snart koma og slå seg kring hestane, og då sat dei der. Folk laut sistpå berre ropa frå det eine vindauga til det andre, når dei skulle få tala nokre ord med kvarandre. Og alt medan dei sat der og skalv, så gjekk den eine soga verre enn den andre kring byen. Ein stad skulle ormen vori framme og stukki i hel ein matros og ein stad ein liten gut, og ein stad skulle han endå hoggi bort i ei fin madam, sa dei…

«Nei, d’er då ikkje råd … ei fin madam òg!» sa ho Lisbet, ho hadde slept bundingen ned i fanget og sat berre og lydde på; og gutungane hadde sistpå våga seg tett bort til bekafanten og sat der så forvitne at dei mest ikkje kjende seg.

«Ja,» sa han, «han gjorde nok ikkje skil på folk, den karen. Fekk han lyst til å hakka bort i ei madam, så må du tru han sparde ikkje, og fekk han hugen på å ta ein simpel mann, så gjorde han det, der var ikkje pardon eller mannemon der. Men ingen kunne vita kva som sant var, det var berre fæle soger.»