Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/103

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

så for-ille tykte han det var, og han visste ikkje meir råd og utveg han enn nokon annan. Han berre befalte det, at dei skulle stengja vel att alle portar og dører og gluggar på slottet; for dei laut alle sjå til å berga seg sjølve no, så godt dei kunne.

Var dei redde på slottet, så kan du vita koss det var nedi byen hjå folket. Det hadde snart spreidd seg som elden i turre graset at ratleormen var laus, og om det hadde vori på verdsens siste tider, så kunne dei visst ikkje vori stort meir skræmde. Ingen hadde sett han enno; men han kunne vera alle stader for det dei visste, og ingen kunne vera trygg for livet lenger. Han kunne skyta fram som eit lyn og drepa ned dei fyrste han råka; for ein fullvaksen ratleorm rann så fort at han kunne kappast med ein hest. Folk laup inn i husa og stengde seg inne alle stader, og dei som ikkje kunne koma heim til seg sjølve, sprang inn hjå framande folk og bad i Guds namn om dei måtte få vera der. Kjøpmennene stengde buene sine, og apetikkarane og høkkertane og alle andre som eit utsal hadde, så stengde dei med bolt og jarn.

Så visste dei ikkje anna råd då, politiane, dei tok nokre av dei fæle blodhundane oppi dyrehagen og slepte dei laus nedi byen; dei ville sjå om ikkje dei kunne finna ormen og få tyna han. Men hadde det vori fælt før, så vart det no ti gonger verre. For blodhundane kjende straks på seg at det var noko gali. Då vart dei så redde, dei òg, at dei tok til å yla og tuta og sprang heile byen ikring som ei fæl ulveskrei, med rova mellom