Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Dette hadde bestemor fortalt, så han visste det var sant.

«Men han kjem nok ikkje så meinlaus ifrå dette endå,» sa han Pål. «For når han kjem opp til fjells, kan han ikkje gala lenger. Han grev med det eit bel, men står snart fast. Det må vera som ei straff på han; for når han ikkje kan gala lenger, så er han ikkje det slag gjævare han enn andre fuglar.»

Kolbein og Andres gol og kakla og ville høyra om han enno hadde mål til å svara; men dei to største hyssa straks på dei. Dei hadde alltid høyrt at gauken blødde i nebben når dei hermde etter han, og det var synd for han, når han alt hadde fått si straff.

Men då dei såg til andre kanten, var det eit heilt anna utsyn. Det var haug på haug og myr på myr langt, langt nedetter, og djupt nedunder låg fjorden på nørdre sida, lang og smal mest som fjorden heime. På hi sida stod digre blåfjell att. Gardane låg som små grøne flekker i skogane; der var kvite fossar og blanke vatn oppetter, og svære snøfonner aller øvst.

Men dei måtte sjå til å koma lenger. Dei åt resten av nista si, og Pål og Gunnar skar to krossar inn i fureleggen til eit minne. Då fekk dei auga på eit stort hol inn i leggen på den andre sida. «Det må vera øyra hans Mekjedl,» meinte han Gunnar, og så fann dei på at dei skulle kviskra nokre ord kvar inn i det til farvel. Det var nok ikkje så visst om han høyrde det; men det var alltid moro å freista, Gunnar skulle kviskra sist.