Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

ho var så lik ein fant som heitte så. Ho var krokut i ryggen og hadde langt skjegg som han, og oppi toppen hadde ho som ein stor sydvest av turre kvister.

Dei sette seg attmed rota på han Mekjedl og såg seg ikring. Der var ein høg svart fjellvegg beint ovafor myra, og låg digre steinar nedunder. Midt i fjellet var det eit trongt juv som ei rivne, og nedetter det sikla ein liten bekk.

«Kvar kjem han ifrå, tru?» undrast han Kolbein. Det visste ingen av dei; men det måtte vera frå tjørner eller vatn oppå Storåsen. «Der har kanskje aldri vori folk enno og sett dei,» sa han Gunnar, og så vart dei samde om at dei laut gjera ei stor ferd dit opp sidan ein gong og oppdaga dette ville landet.

Dei høyrde noko skvatra oppi fjellet og fekk auga på ein svartgrå fugl som flaksa att og fram. Han var for liten til å vera kråke og for stor til trost. «Å, men kanskje det er gauken?» sa han Pål. Det måtte det just vera, trudde dei andre òg; for han var nettopp såleis den gongen dei såg han nedpå Pera-træ. Han hadde slutta å gala heime no, og då visste dei at han alltid søkte til fjells.

«Det er minst føre for han,» sa han Gunnar. «Han kan fara og gjera som han sjølv vil, for han har ikkje reiret og ungane å streva med som andre fuglar. Han verp berre i reira åt småfuglane; så lyt dei slita seg både kvitte og arme og fø opp ungane hans. Sjølv går han berre og spikkar storkar som ein annan lensmann og gjer ingenting.»