Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Men han var ei uvyrde, han spytta beint inn i øyra og ropa «Mekjedl fant!» Så sette dei på flóget ned på myra. Men då dei såg attende, var det skilleg som han Mekjedl stod og grein og var terga. Det var ikkje anna å venta heller. «Du skulle fått såvori i øyra sjølv, så tenkjer eg du hadde hengt på lepane åt det,» sa han Kolbein.

Dei hadde sett nokre store brune geitrams-blomar straks oppi urda og ville svinta opp og ta med seg nokre, før dei gjekk lenger; dei var så vene å ha. Steinane var store som hus, då dei kom opp til dei; der var store opningar mellom og svarte hol innunder, så det var mest fælsleg.

«Det må ha vori eit fint ras, då dei datt ned or fjellet alle desse,» sa han Pål; «for dei har vel ein gong komi derifrå for mange hundre år sidan.»

«Ja, men det kan likså godt vera risane som har komi med dei og lagt dei her,» trudde han Gunnar; for dei hadde vori slie til å dra på store steinar i gamle dagar, hadde han høyrt. «Dei kasta dei ofte etter kyrkjetårna, men sette dei stundom berre etter seg kring fjella, helst oppå høge nibber.»

Dei tala om dette eit bel og kom til å undrast på kven som var sterkast av han Sterke-Samson og risane. Han Gunnar trudde helst at han Samson var basen. «For det er som inkje for han å slita opp kjeften på løva på buveggen,» sa han. «Og kven veit, kanskje han har slegi i hel alle trolla òg; for vi ser aldri dei går og stretar med store steinar no lenger.»

«Det var nettopp så høveleg åt dei, når dei ikkje