Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/101

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent

gjennom byen til dyrehagen. Og sidan om dagane var all byen opp og kika inn mellom spildrene og såg på dette fæle trollet som låg der; han var på tjukn som ein kar og vel så det, og så lang at han låg i svære bukter og kveilar. Og når han vart sinna, var det så det gneista i augo hans og bura og belja langt inni han. Men det lo folk berre åt; for dei visste at han aldri kunne bryta av dei tjukke jarnstengene og koma seg ut.

«Huff då,» sa ho Lisbet, «var det ikkje synd slikt, å fara såleis åt med ein levande skapning?» sa ho.

«Synd ja! det var just det det var!» sa bekafanten og la neven tungt i stolen. For kvar stod det i skriftene og Bibelen, at mennesket skulde fara såleis med ein umælande orm? sa han.

Nei, ho for sin part ville ikkje seia ho var så spræk i skriftene, sa ho Lisbet; men ho spådde då likevel at der stod ikkje slikt.

Nei, det kunne ho nok sverja trygt på, lét bekafanten, og så kunne dei ikkje venta anna enn at det drog straffa over seg. Og den fekk dei, så dei fekk hugsa det. Det gjekk såleis til at der var ein slark til kar borti Sverike, rett ein fant, om ein så stygt skulle seia. Han gjekk der og trudde han var slik ein svær kar, og snikte og søkte etter alle slag høge embete; han ville verta både kapellan og kaptein. Men dei såg seg ikkje syn med å gjera han til noko-slag, for dei visste han var ikkje tess til så mykje som å vera fangefut. Men sjølv trudde han dei gjorde han evig urett, og så svor han at