Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/100

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Jau, sa bekafanten, det var borti Stockholms by, der hadde dei no alt det som stort var, både kongelege slott og store gilde hus av alle slag. Og oppi utkanten på byen, der hadde dei ein stor hage full med ville og fæle dyr som dei hadde i bur og gjekk og såg på om sundagane. Der var løver og der var kamelar og sjiraffar og elefantar og allslag andre medskapningar. Men mykje vil ha meir, som ein sa for eit gamalt ord, og så tykte dei ikkje endå dei hadde nok med alt dette. Dei gav seg ikkje i Stockholm før dei hadde fått seg ein ratleorm og til å ha i eit bur og glana på om sundagane. Men nokon slik orm var ikkje å finna anna enn i Amerika, og så sende dei to greivar og ein baron av stad med eit stort krigsskip etter ein slik orm; for dei fór ikkje med småkrusling i Sverike, når dei fyrst fór med det, sa han. Så fór dei over havet og langt inn i landet radt til California, desse karane, og gjekk der og jakta etter ratleormar både lenge og vel. Og sistpå var dei så hepne dei fekk snara ein med kabelliner og fekk han inn i eit svært jarnbur som dei hadde med. Så tok dei han på trenet til New York og fekk han ut på krigsskipet og tok så seglinga heim att med han. Og du skulle sett på ståk i Stockholm den dagen dei kom med han. Om det så hadde vori ein konge, eller om du no sa ei kongeleg prinsesse, så kunne det ikkje vori meir folk nedpå bryggjene. Alle så ville dei sjå og glana på dette underet. Så fekk dei buret og ormen opp på ei svær kjerre og køyrde han opp