Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/267

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 255 –


han ha Evnann te. Slavin er mest den einslege ’taa Treskjerarom i Bygden, som heldt se aat Rokoko-Skurde for Einingen; di hine kunde bruke han av og te.



Han Iva Skudal.

Denne Mann va ou ein ’taa døm, som gjekk i Lære i By’n. Han va Son aat Gamel-Houga (S. 150) og fødd 1890; da han va 10–12 Aar gomol kom han aat Gamel-Le’smanne[1] paa Haamaar te Gjætar og da Le’smann saag, at Guten ha godt Næmme og ha stor Hog te aa lære, tok han se te me aa lære ’om aa skrive. Og mea’ han va i Gjætl-Maarken um Daagaane laag han fram-me flate Steine og Stubbe og øvde se me aa skrive Bokstavann. Da han va framsluppin kom han i Tenest paa Sygard Snele og der kom han fram-i naagaa Ogreie um ei Stri-Skjurte, som vart burte. Han Iva skulde elles vera oskuldog i di, men da den strenge Far hans fekk veta ’taa di, gjekk han aat Snele og risdengde Guten. Detta gjorde han se saa illt ’taa, at han foor utu Bygden saa ingen visste ’taa di og sta’na ikje, førr han kom aat Trondem. Her ga han se i Pottmaakaar-Lære og sto ut den te han vart skrivin te Sylater, da let han se kverve te Gardison i By’n. Saa kom Ofre’en i 1814; da va han Iva heim-i Bygde att kome og ha nyst gjifta se, men no lout de berast imot Svenska me ’om. Han gjekk nord aat di gamle Hosbone sine, ’om Iva Bjønnsta paa Snele, og sporde, um han tordest laane ’om 20 Dale te aa tære paa, og de fekk han. Fraa Ofre’e kom han att oskadd og ikje lengje ette greidde han att-ende Laane.

No dreiv han Pottmaakaar-Arbei’e i mange Aar og fekk avhenda saa mykjy, han vannst aa gjera; han laag ve Mela og arbeidde, for de va der, han fann beste Leir’n. De heldt paa

  1. Gamel-Les’mann: Knut Trosdahl, fødd i ein Plass paa Dovre, va fyst Kantor-Kar hjaa „Justitsraad“ Pløyen, Skrivar i N. Gullbransdale, vart Le’smann paa Lom og sia’ paa Vaagaa fraa umkring 1790–1828. Han va gjift me henne Kristine Wang, Dotter aat Sokneprest Wang og Syster aat Bokskrivar Storm-Wang.