skulde vorte eit heilt Verk der i di Daag’om, for de va i di Ti’om han Lars Brustugun sette upp Staaltraa-Verke sitt der. Men baae di Karann va naagaa ostøoge og ha Hog te skjifte fraa eitt og aat hine, og da han Iva ha halde paa me Pottmaakaar-Arbei’ i 9–10 Aar, ga han upp. No bar han te aa gjera Grout-Æmbere og døm fekk han ou Avhending paa, for han va saa framifraa før te aa gjera døm, at han kunde gjera godt Kjøp. Og Folk likte døm; um nogre Aar va de „Skudals-Æmbere“ ivi heile Bygde og finnst att mange ’taa døm enno. Utskurden paa desse Æmberom er snøgg-gjord og grov, som paa „Slav-Æmberom“, men han er ikje olugum; de er Dølaskurd, grov Krill-Krot og der, som han ha gjeve se Ti’ og gjort se meire forr, kan Skurden hans vera vakker. Men di meste syne, at de ha gaatt forr snøggt, for han gjorde radt fullferdog ein Grout-Æmber paa ein Dag, naar han skonda se.
Han Iva Skudal ha eit godt Nemme te mangt; han dreiv mykjy me aa dikte Viso um alle Olykko som henda, baade her i Bygden og lenger av, og i 1814 dikta han Viso um Kri’n og di Kulunn, døm ha me Svenskom. Den Gongen va Visunn hans Iva gjæve, for de va naagaa o-vandt, maa’ta, at ein Bygda-Kar dikta Viso. No vilde nok ingen bry se um døm, for han greidde ikje rart aa bruke Bokmaale, som ventande va me honom, som ingor Uplæring ha havt. Ha han helde se aat Bygdamaale, me Visom sine, kan de hende, summe ’taa døm ha livt den Dag idag. Da han laag ute, skreiv han i Hougetal me Brev heim aat Kjeringen; desse Breve gjekk Folk og vilde høyre fraa vi’e Vegne umkring og heile Grende tykte, han va eit Stor-Hugu.
Pottmaakaar va han full-go og di Rosin han brennde inn i Glasseringje me kvite, gule og grøne Leti, va vakre; jemnan sto de eit Vers ne-i Botte paa Koksom[1] hans og som han sjøl ha rima ihop. Like te i sidste Ti’om ha de funnest att ’taa Arbei’e hans, no er de full burte. Han Iva fall burt firi 1840 og sia’ va de ingen, som freista tok upp att Pottmaakaar-Arbei’e ette ’om. Han er visst den einslege Pottmaakaar’n som ha vore i Gullbransdale og kanhende vi’are ut-ivi Lanns-Bygdinn.
- ↑ Koks: flaa Leir-Skaal me Haanko.