Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/266

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 254 –

Ette den yngste ’taa Bjønnsta-Gutom va gjift og ha vorte Gardbrukar, va de ein Vaar han Anders kom aat ’om og ba um aa faa vera i Arbei’ hjaa ’om ei Ti’. Han kom beint fraa Slavrie og ha sute der att i mange Aar. Ja, han Iva let han faa vera paa Garde eit heilt Aar og han va baade fre’ele og vitug og dugele Arbei’s-Kar. Sume Ti’e fekk han Anders skjera ut ein og a’an Tingen, for han Iva va Treskjerar, han, og han ha Hog te aa sjaa Kroten hans Anders, ou, maa’ta. Han tykte ikje viare saa væl nettup um Kroten hans, „men te aa skjera Faks paa ei Løve, ha eg alder seett Maakan hans,“ sa han. Han Anders gjorde Løve te Hann-Tak paa Rulla-Gongjinn sine, han, i Sta’n for Hest, som mesta va brukele, og de er sannt, som han Iva sa, at Fakse paa Løvom er godt skaare. Da han Anders fløtte ’taa Garde sa han Iva desse Orde ve han i Skjølna’e: „No, Anders, du ha seett saa mykjy styggt, sliti illt og vore fram-i saa mykjy leitt, no skulde du vare deg væl og ikje gjera naagaa gale meir, saa skal du sjaa de bli bra me deg paa dine gamle Daagaa.“ „Aa, døm ha full inkort aa seja da, ou“, svaaraa han. Hitt Aare bar de aat Slavrie me ’om Anders att og da saag han ikje Bygde meir, han dø paa Akershus fram-igjønom ve 1825.

De Arbei’e hans Anders Slave, som han va mest kjennd for, va Grout-Æmberann hans, „Slav-Æmbere“, som døm kallast og som de nok enno finnst att mange ’taa. ’Taa døm gjorde han upp ein stor Mengde naar han va lous fraa Straffen og døm va gjæve, saa han avhenda døm ette Hann. Kroten hans va grov og lite forr-se gjord men han ala se godt, lell. Skurd’n hans va de Slage, som døm kalla „Bonde-Rokoko“, den Gongen ha døm ikje naagaa eigje Namn paa ’om og her i Bygden va han berre lite i Bruk. De va inni By’n han Anders ha faatt Ouga paa den Gjerde paa Krote og saa ha han maata han te ette sin eigje Smak. „Rokoko’n“ hans er grov og snøgg-gjord, mangein-Gong berre nogre snøgge Knivdrag, men enda er han viss-saa andsynle som mykjy ’taa di, ein jemnan ser, og som de er lagt meire Arbei’ paa. Arbei’e hans syne, at han ha vore baade hennt og havt eit godt Ouga; men saales som han livde for de meste, va de ikje vente, at han kom dit me Konsten, som