Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/169

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 157 –

Hopp for Hopp og skreik stygt, men te-hols barst de me ’om lell. „De siste, eg høyrde ’taa ’om, sa han ptro! han protta og drog, protta og drog,“ sa han Lars.

ve Aakker-Vatne laag han Lars ette Tiure te kaar Vaar, for de va slike glupe Tiur-Leikje paa alle Lei’e der, de va enda ein Leik tett inn-ve den Fiskebue han laag i. Ti’le ein Maargaa førr han Lars va uppe, fekk han høyre de sat ein Tiur og leet paa Flis-Hougje ve Hoggar-Stabbin, midt utta’ Budøre. Detta va leitt aa liggje ly’e paa for Skjyttare, men skulde han glotte paa Døre, kom han te aa skræme Tiur’n og ikje va de naagaa Opn[1] i Dør’n han kunde skjote igjønom. De va ei litol Revo nest paa Dør’n imillom tvæ Fjøle og i di Sprikkje sette han Lars paa aa skjera eit Hol me Tollknive. Kaar Gong Tiur’n slo Klonken, skonda han Lars se og skar nogre gjilde Drag me Knive og paa lite fekk han eit Hol saa stort, at han saag væl igjønom. Og mena du ikje, de sat ei Røy ne-me Dør-Stokkje, saa tett inn-ve, at Kaarann[2] fraa Knive hans Lars datt ne-paa Ryggen henna. Da han fekk Hole stort nokk skout han og Tiur’n vart liggjande paa Flis-Hougje; men kaar ho skulde skvette, den Røye, du!

Han gjekk ut og tok Tiur’n og mea’ han sto me ’om i Haann slo de i eit avraa’e Læte uppi Ve’re, beint upp-ivi ’om. Naagaa saa onderle ha han alder høyrt – de va Fele og Fløyte, Kla’nette og Trumme og mange andre Slag Læte. De lyddes baade høgt og vakkert og for hans Øyre høyrdes de, som de foor nord-ette, høgt uppi Ve’re, men saag nugun Ting gjorde han ikje og sist do de burt, langt nord-ivi mot Fjellom. Detta vart han annas-ve[3] ’taa og han taalaa ofte um de sia’ og ondrast paa, kaa de kunde vera.

Ein Saamaar va han Fe-Gjætar i Nere Heimdale, han gjætte Fe-Driften aat Vag-Verom. I Øvre Heimdale laag de ein ong Valders-Gut me ei Valders-Drift og saa kom Fee deres ihop ein Dag. De vart fælt te Leik og barst te me slik Stanging og Ovenskap at Goul’n og Rout’n svaaraa fraa alle Høe. Aa faa skjølt aat Fee va ikje grei-fare og Gra-Uksann dreiv og stangast,

  1. eit Opn: Opning.
  2. Kaarann, ein Kaare: Kaure, Spon, Flis.
  3. annas-ve: skremd, ill-hyfsin.