Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/168

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 156 –

va vælskapte og ala se væl. Han va saa før te aa spikke, at de va ingor Ri’ førr han ha eit Arbei’ ferdogt; de kan vera, at han ha vannt se te aa gjera allt snøgt fraa se og gjorde se mindre forr, hell som væl va. Sela-Tre, Øl-Trøyse[1], Rulla-Gongje, Tre-Skjei’e og Krut-Hønn gjorde han upp i houge-tal og Arbei’e hans va gjævt og gjekk onda saa fort, han fekk de ferdogt. I Kvikne paa Fron va han i nogre Aar og der arbeidde han upp mykjy utskaare Tre-Vare. Han kom gaa-ande aat Nistugun-Skaabu, da han kom dit i Bygde, og ba um aa faa sitja der „aa spikke i tvo-hell-tri Daagaa “. Men han vart verande der i tri Aar, og de ha vore att Sela-Tre, Skjei’e og mangt ette ’om te i siste Ti’om, kanhende de enno er att Lik-Fjøle paa Kvikne-Kjørkjegarde, som han Lars ha skore ut. Tvo ’taa Gutom i Nistugun lærde han Lars upp te Treskjerare og den eine ’taa døm gjorde saa mykjy Tre-Skjei’e i Ti’in, at han sa sjøl, at de fannst ’taa Skjei’om hans i sjoug Kongerikje. Elles laag han Lars mykjy paa Fisking og gjekk ette Stor-Fugle um Vaarann di Aare, han heldt se i Kvikne. Ein ’taa Nistugu-Gutom fyl’de ’om ette Fugle ein Vaar ei Vikus Ti’; da døm gjekk te-bygda att, ha døm nitten Tiurs-Tyngde te Bytes. De vart ei tong Børd aat kaar, de, og Guten gjekk mest trøtt paa Heim-Vegje, enda han va ein full-før Kar. Men han Lars gjekk ei go halv Mil lenger, hann, um Dagen førr han heldt Kvell.

Ein Vinter da han budde i Kvikne, fiska han paa Ise paa eitt ’taa Kvikne-Vatnom. Da de lei’ paa Vaar-Sia sette Korpen og Reven paa aa vetja Is-Onglom hans og stal ’taa Fisken, saa han va mest ibeit, Korpen va den aller argaste. Jou, da va de ein Dag han laagaa te eit Agn aat ’om paa Ise fram-me eitt ’taa Holom sine – han sette ei Fiske-Kjøe paa ein stor Ongul og batt ein Stein i Endin paa Snøre; detta maa’ta han te saales, at naar Korpen tok Agne, vilde Stein rulle ne-i Hole. Me di gjort la han Lars se i Bak-Lur og vilde sjaa, kaa te skulde gaa. Rett som de va kom Korpen, gløypte i se Kjøa og fekk Onguln i Inn-Maten og um lite trilla Stein ne-i Hole og bar te aa tøygje Korpen ette. Han stridde imot ’taa all Livsens Magt, gjorde

  1. Trøys: avlang Skaal me Tut. Ei Tiurs-Tyngd: paa Lag 4 Kilo.