Side:J. E. Nielsen - Gamla segner fraa Valdres.djvu/79

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
75

fekk han Mat te Kvelds aa so la’e han se, aa Gygre kom me Kvaldrykke aa slo i ain gild’e Dram. Riddaren snudde paa se lite me di sama han tok imot Drykke aa slo han ne i Bringa si, so ’ki Gygre saag de. Daa Jamfrjuga kom, vart de stor Gle’e paa dai bæ’i tvau, aa daa uppedaga dai ve in’an alt som hadde hendt me dai si’a dai voro i Barhyttunn, aa dai samraadde se koss dai skulde fara aat. Um Morgonen voro dai gri’uge aa støndo upp fyrr Gygre, før at inki ho skulde veta anna ell de, at han inki hadde vore go te royvt se før Kvaldrykke. Daa Gygre sto upp, va Riddar Veivan i fine Riddarklæ’o, aa daa va han so van’e, at alder nokon hadde set so fin’e Riddar fyrr. Jamfrjuga va hjaa hono aa han fortelde Gygrenn, at ho va Syste hass. Gygre trudde de aa sette desse tvau jamsi’is te Bords aa eta te Bisk. Aa so laga ho te so myki Mat, at tie Riddara kunna ha hatt nok, aa sjøl sette ho se i Hagsæte aa aat te Bisk me dai. Me’a dai søto ve Borde sa’e Riddaren: „ko Refsing skulde den li’e, som vilde hindre, at tvau so væne Folk, som me era, skulde koma ihop?“ Gygre mainte paa se aa han aa svara: „den, som vilde hindre de, skulde brennast i Svavel aa Tjøro“. „Ja“, sa’e Riddaren, „de ska ’ki bli de før godt de“. So toko dai Gygre radt aa stappa ho ne i ai Spikartynne aa rulla ho paa Varmin, me Svavel aa Tjøro. Aa derette heldo desse tvau Bryllaup i fire fjurten Daga, aa so føngo dai all den Rikdomen, som fannst i Berge. Guten som Gygre hadde take inn i Berge sleppte dai utatt aa gøvo hono myki Pe’ing før de at han hadde hjølpt dai te.