Side:J. E. Nielsen - Gamla segner fraa Valdres.djvu/72

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
68

i se som Skodn. Jamfrjuga va go’trui, hadde taa se den Serken ho gjekk me, aa hadde attpaa se Silkiserken. Um Kvelden daa Riddar Veivan kom inn, laag ho dau’e paa Golve att. Han vart no forfælde aa undrast paa, ko som hadde vorte henne, men daa han fekk i Varmin aa fekk sjaa se um, vart han vare, at den Serken ho hadde hatt ta’a se laag ne me henne, aa at ho hadde paa se ain ho inki hadde hatt fyrr. Han skunda se aa raiv taa henne denna Serken, aa trast vart ho levande. Ho fortelde daa, ko Gjenta hadde sagt, aa koss de hadde gange. „I Morgo“, sa’e Riddaren, „vilja me læse atte Døre for de, aa so maa du inki læta nokon koma inn te de, før du ser, at dai vilja taka Live taa de“. Ho lovde at ho skulde vera vare um se.

Mor hennar trudde no visst, at ho skulde vera dau’e, aa so gjekk ho att te Spegille me di sama Spursmaale, um inki ho no va den finaste. Men han svara som han hadde sagt fyrr, at Døtte di i Bjødnahi’e e snillare ell du. Daa vart ho sinna att aa sa’e de ve den tre’a Tenestgjenta si: „no send’e e de aat Bjødnahi’e te Døtte minne me ai Gullnaal, aa den ska du stinge inn i Skrotten paa henne kor du kann, før Naale ha den Gjerde i se, at den som bli støngin doyr trast. Kjem’e du no att fyrr du ha drepe ho, so dræp’e e de“. Detta va ait hardt Vilkor, men lel laut ho gaa. No kom ho aat Barhyttunn aa vilde inn, men Døre va attelæst’e. Gjenta klakka paa Døre aa ba dai som voro inne skulde lata upp. „Nai“, sa’e Jamfrjuga, „de slepp’e ingin inn her. Ko e du daa vil?“ – „Aa e vil tala ve de“, sa’e Gjenta. „E faar inki upp Døre“, sa’e Jamfrjuga.