Side:J. E. Nielsen - Gamla segner fraa Valdres.djvu/49

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
45


De va ain Mann paa Hande i Slidre som ofto hadde set Haugafolk aa visste kor dai budde helst, aa han hadde go’e Tru te dai. De høvde so, at han va paa Støle sino aa slo um Sumaren i dai Ti’enn som ogso Haugafolke voro paa Støle me Krøtøro. Tett ve Stølen e de ait Tjædn, aa han hadde set ra’e, at de laikte Fisk i di Tjædne; men um dai prøvde seta ut Net der, so føngo dai alder noko, aa de kom se no taa di maa veta, at Fisken va hyld’e, so at de va berre Haugafolke som fiska der. No hadde han ofto tenkt, at han ai Gong vilde fraiste, um inki ogso han skulde koma te aa faa fiske der. Ain Dag, de va so varmt Solskin, saago dai at Fisken buldra aa laikte uti desse Tjædne. So sa’e han ve dai som voro me hono: i Kveld vil e fraiste aa seta ut Net, so faar e sjaa, um e inki faar Fisk“. Aa ja han sette ut mønge Net; men um Morgonen fekk han alder ai Grand. De va ain Haug tett attaat Tjædne, aa i dai Hauge visste han væl, at de va Haugafolk. Han sa’e ve Tenestguten sin: „gakk fram paa Stølen ette største Gjaitenn minne, aa lai ho hit“. Guten gjorde so aa kom me Gjaitenn. Mannen tok Gjaite aa laidde ho burtpaa Haugen aa sa’e de: „denne Gjaite vil e gjeva dikka, ess e faar Løv aa fiske i desse Tjædne, nær e er paa Støle“. Aa trast som han hadde sagt dai Orde, derme va Gjaite burte. No vart han gla’e, for no visste han, at han fekk Lov. Um Kvelden sette han, ut ølle Nete sine; men um Morgonen fekk han so myki Fisk, at han tenkte alder anna ell Nete hadde roke sund. Detta tytte han va Mun i aa sa’e de; „e vil gjeva dai store Gjeldbukken min me“. Han gjekk ette Gjeldbukke aa laidde han